Magne Bjørndalens preken, til glede og velsignelse!

For et par uker siden, fikk jeg gleden av å delta sammen med Alversund kammerkor på gudstjeneste i Knarvik. Magne Bjørndal forrettet, og det ble en stund til stor glede og velsignelse for meg. Etter gudstjenesten var jeg så frimodig å spørre om jeg kunne få lov til å gjengi preken hans her på bloggen min. Det fikk jeg. Han skulle sende den til meg etter å ha vært på en liten ferie. Nå har jeg fått den, og deler den med deg her. Her får du et lite innblikk i dåpens mysterium og hva som gir den kristne håp og glede. Jeg håper du vil ta deg tid til å lese! 20151108_124303

Preike Knarvik kyrkje 3. april 2016

Tekst: 1 Pet 1,3-9

Det står skrive i Peters første brev.

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.

Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar. Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord, for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.

Slik lyder Herrens ord.

Det første verset i denne teksten møter dei fleste av oss både ved vogge og grav. For det er ein fast del av dåpsliturgien – me høyrde det i stad, etter at Magnus var døypt. Og det lyder i svært mange gravferder, som det siste, etter at presten tre gonger har kasta jord på kista: «Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!» Første gongen eg la merke til denne teksten, så traff den meg som eit piskeslag. Det var gravferd, eg var tjue år og hadde mista far min, brått og uventa. Lova vere Gud? Nei, det er det sanneleg ingen grunn til. Viss Gud finst, og har noko med dette å gjera, så fortener han så visst ikkje lovprising. Men så har eg etter kvart lært at det å lovprisa Gud, det handlar ikkje alltid om at eg er så glad, eller om at eg har funne svaret på alt som er vondt og vanskeleg. Det handlar ikkje om å vera skråsikker, og ha ei fast og urokkeleg tru, så eg kan takka og lovsyngja, om så alt går galt rundt meg.

Nei, det handlar om å lovprisa Gud fordi me er fødde på nytt, og har eit levande håp. Det handlar altså om noko som kjem utanfrå, som er uavhengig av meg, og korleis eg har det og opplever det til ei kvar tid. Det handlar om noko så gjennomgripande som ein ny fødsel. Eit merkeleg uttrykk. Er du fødd, så er du fødd – fødd kan du verta berre eín gong. Sånn tenkte Nikodemus òg, han som kom til Jesus om natta. «Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike», sa Jesus til han (Joh 3,3). Vaksne mannen, og så skulle han liksom koma inn att i mors mage og verta fødd ein gong til? Det fekk då vera visse grenser. «Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike», var Jesus sitt svar (v.5).

Eg veit ikkje om Nikodemus vart så mykje klokare av det. Men som kristne i den lutherske kyrkjefamilien, så knyter me denne nye fødselen nært til dåpen. Der skaper Gud noko heilt nytt, noko som ikkje var der frå før. «Veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans», skriv Paulus i Romarbrevet (6,3-5). I kvar einaste dåp hender påskedramaet på nytt. På forunderleg vis får me del i den sigeren Jesus vann over døden og det vonde, og me får starta på vandringa i lag med han mot det evige livet. Her ligg mykje av grunnlaget for at me døyper barn. Ja ungdomar og vaksne òg sjølvsagt, viss dei ikkje er døypte frå før.

Slik tenkjer me i vår kyrkje. Andre kristne, som me har stor respekt for, og gjerne samarbeider med når det er naturleg, dei ser på dåpen som noko som på ein eller annan måte har trua som føresetnad. Den som skal verta døypt må vera stor nok til å ha eit bevisst forhold til Jesus.

Denne diskusjonen om dåpen er ikkje ny, den har meir eller mindre gått gjennom heile kyrkja si historie. Mange plassar i landet vårt blussa den opp i mellomkrigstida, då det oppsto forsamlingar av pinsevenner. Slik var det nok òg på Helgeland. Eivind Berggrav, som var biskop i Nord-Norge på 1930-talet, og vart ein kjend motstandsmann under krigen, fortel i boka Spenningens land om at han døypte vesle Idar Bjørnar Skog i eit enkelt kapell i Hattfjelldal. Han vart sjarmert av guten, som leikte med bispekorset, av mora som bar han, og av heile situasjonen. Så han gav den lokale presten nokre kroner, og ba han oppretta ein bankkonto til Idar Bjørnar Skog. Det bar vidare til Mosjøen, der Synnøve og eg fekk vera prestefolk i nokre år på nittitalet. Og så utover til ein stad på kysten, der det har oppstått ein svær diskusjon om barnedåpen. Biskopen er dødstrøtt etter mykje nattevåk og lange reiser, og veit ikkje korleis han skal møta dette. Men han bestemmer seg for å gå rett på sak, og spør den store forsamlinga som har møtt fram om desse små som vert døypte kan ha tru. –Nei! Kjem det rungande svaret. Han er like rådvill, men så kjem han til å tenkja på barnet som han døypte for eit par dagar sidan, og så spør han: -Men kan eit slikt lite dåpsbarn ha ein bankkonto? –Nei! Lyder svaret, like samstemt. Og då har han dei, for då kan han fortelja om Idar Bjørnar Skog, som, utan å vita det, og utan å ha gjort noko som helst for å tena dei pengane som står der, har fått ein konto i Vefsn sparebank. Dei svarte nei fordi dei tenkte at ein bankkonto, det er noko me sparer og arbeider til. Men så kan det òg vera noko som me får. Slik kan me òg tenkja om trua – at den er noko me føler, eller tenkjer oss fram til, og på ein eller annan måte presterer. Men så er trua, til sjuande og sist, noko som Gud gjev oss.

Så er me fødde på nytt, ikkje noko mindre, til eit levande håp ved Jesu oppstode frå dei døde. Håpet vårt er ikkje ein vag idé om at det muligens kan finnast ei guddommeleg kraft og eit liv etter døden. Nei, håpet vårt er konkret, og byggjer på det som hende med Jesus i påska, at han døydde og sto opp for oss. Jesus har gitt oss ein uvisneleg arv, ein bankkonto om du vil, som ein gong skal verta synleg for alle. At denne trua, dette levande håpet me har er ei gåve, noko me får gratis og ufortent, det er noko som mange av oss har høyrt gong på gong. Men så snik den tanken seg inn likevel, i ein eller annan fasong, at det likevel er noko eg må gjera, noko eg må prestera og gjera meg fortent til. Så får me på nytt minna kvarandre om at trua er ei gåve, noko me får frå Gud, ein arv, ein ny fødsel. Eg har saktens eitt og anna eg kan skryta av og vera stolt over, men at eg vart fødd, det var så visst ikkje mi forteneste. Så er det heller ikkje mi forteneste, men ei gåve frå Gud, at eg vert fødd på nytt.

Eg kjenner ikkje Idar Bjørnar Skog, og veit ikkje meir om han enn at då me budde på Helgeland vart det sagt at han levde i beste velgåande. Men på eitt eller anna tidspunkt må han ha fått greie på at han hadde denne bankkontoen, som biskop Berggrav hadde fått oppretta. Han må ha lært noko om kva pengar er og kan brukast til, og etter kvart gitt pengane som sto der bein å gå på. På liknande måte, veit de, så må Magnus lærast opp i den trua som han i dag vart døypt til, så han etter kvart kan få eit levande og aktivt forhold til den, og finna ein plass i det kristne fellesskapet. Her har ikkje minst de som er foreldre og fadrar teke på dykk ei viktig og inspirerande oppgåve.

I teksten vår har Peter noko å seia ikkje berre om den nye fødselen og korleis trua oppstår, men òg om livet som kristne. Midt i den jublande lovsongen sin, så er han befriande ærleg om at det ikkje berre er enkelt.

«De kan jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar. Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.»

Me som skal formidla og gje vidare trua i ulike samanhengar, me kan nok av og til verta freista til å ta vekk nokre skarpe kantar, og gjera den glattare og enklare å leva i enn den faktisk er. Me vil så gjerne ha fleire med, og gjera det så forlokkande som mogleg å vera med i ein kristen samanheng. Så kan me koma til å gløyma at me ikkje er i himmelen, ikkje enno. Me lever her i verda, og vert ikkje spart for smerte og sorg og sakn, for angst og tunge tankar, for vanskelege relasjonar heime eller på jobb. Visst kjenner me på gleda over å vera døypt og høyra til i den kristne kyrkja. Men grunnleggjande sett har me dei same livsvilkår som alle andre. Ja, det å vera kristen kan til og med føra til direkte motstand, til mobbing og trakassering. Det var nok tilfellet for mange av dei som først fekk brevet frå Peter. Det førekjem nok her i landet òg, men for størstedelen er me heldigvis spart for at kristne vert utestengde og sett til sides. I andre delar av verda, i Midt-Austen, for eksempel der kristendommen i si tid oppstod, der er det heilt annleis.

Så lovpriser me Gud, takkar og jublar, ikkje fordi alt nødvendigvis er så feiande flott med oss, eller at me har det så bra på alle måtar. Livet fer fram med oss på så ymse vis. Nei, me lovpriser Gud fordi han har født oss på nytt, har lagt ned i oss eit trusfrø, som skal få spira og veksa, til me ein gong når fram til fullkommen frelse og evig liv.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og vera skal eìn sann Gud, frå æve og til æve.

Amen.

Magne Bjørndalen